Ei snekke gjekk ned ved ei brygge då stormen raste i Florø sentrum i føremiddag. Også fleire andre småbåtar har slite seg eller vore i ferd med å slite seg, opplyser politiet til NRK Sogn og Fjordane.

Uvêret fører med seg ei rekke problem, melder nettstaden til NRK:

  • Alle Fjord 1 Fylkesbaatane sine ruter i Florøbassenget er innstilte på grunn av uvêr og kraftig vind.
  • Hurtigruta M/S Nordkapp, som skulle lagt til kai i Florø i morges, måtte passere på grunn av sterk storm i området.
  • Alle flyruter mellom Sogn og Fjordane og Oslo lufthavn Gardermoen vart innstilt.
  • Ei elv har gått over breiddene sine ved Hårklau i Haukedalen i Førde, og delvis stengt vegen. Også fleire andre stader er det meldt om naturskader på vegar og dyrka mark.
  • Ingen av dei store vegane i fylket er til no stengde på grunn av uvêret, men frå mange hald, særskilt i kystkommunane, blir det meldt om store mengder vatn i vegbanene.

Sjekk dei siste værmeldingane og vegmeldingane her på bt.no.