— Eg er sikker på at eg kjem til å bli drepen når eg kjem tilbake til Guinea, seier afrikanaren. Han har budd i Florø stort sett heile tida sidan han kom til landet. No ventar han at politiet kan banke på døra kva dag som helst, for å setje han på flyet tilbake til heimlandet han flykta frå.

— Dette som har skjedd med Cheick er rett og slett for jævlig, seier mannens advokat, Stig Nybø. - Han står heilt åleine.

Fengsla og torturert

Cheick Camara kan dokumentere at han har vore fengsla og torturert i heimlandet, at faren har blitt henretta og at han vil bli forfølgd når han kjem tilbake. Ein advokat i heimlandet har klart å framskaffe arrestordren på 38-åringen.

Men norske styremakter trur ikkje på han, i hovudsak fordi han bløffa om sin eigen identitet då han kom til landet i januar 1996. Ein landsmann hadde informert om at fire-fem guineanske familiar i Norge jobba for styremaktene i heimlandet. Cheick var redd for å bli forfølgd. Difor fortalde han ikkje sanninga, ei avgjerd han har angra på mange gonger.

I vedtaket frå Utlendingsnemnda blir det også brukt mot han at han to gonger har stått fram i Bergens Tidende.

Vil bli henretta

Både på Cheick Camara og advokat Stig Nybø kom avgjerda som lyn frå klar himmel.

— Vi har bedt om å få møte i nemnda og leggje fram saka, men har ikkje fått svar. Eg fekk heller ikkje informasjon om at saka skulle opp no, opplyser Nybø.

Cheick meiner Utlendingsnemnda ikkje kjenner godt nok til forholda i det afrikanske landet. Han påpeikar også faktiske feil i det 14 sider lange brevet han har fått om avslaget.

— Eg har fått beskjed om at dersom eg blir arrestert i Guinea, vil eg bli henretta.. Eg hadde håpa å få møte nemnda, og forklare meg, seier han stille.

Cheick flykta i januar 1996 etter eit planlagt kuppforsøk. 11 år tidlegare blei han i ein periode med stor ustabilitet i landet fengsla saman med faren. Faren blei henretta to dagar seinare, Cheick sat over to år i fengsel.

Torturert

Under fengselsopphaldet blei han slått med stokkar under fotblada. Det gjer at han har vanskeleg for å gå. Likevel har han dei siste åra hatt fast jobb ved verkstaden til Florø Bil & Hamneservice.

Mesteparten av historia kan dokumenterast. Ein advokat i heimlandet har skaffa fram bevis for at han vil bli stilt for ein nasjonal tryggleiksdomstol dersom han vender tilbake, og at han risikerer dødsstraff.

— Styremaktene trur ikkje på han. Alt blir brukt mot han. Det er heile grunnen til avslaget, seier advokaten.

Einaste sjansen han ser no er å prøve å få saka opp att.

— Vi kjem til å be om at saka blir tatt opp at. I den samanheng vil vi minne nemnda om at vi bad om eit møte, seier Nybø.

Å gå rettens veg, trur advokaten blir svært vanskeleg:

— Eg kjenner ikkje ei einaste slik sak som er vunnen.

<b>VENTAR PÅ POLITIET: </b>Cheick Camara ser skrifta på veggen. Etter over sju år som asylsøkjar er han utvist frå Norge. Poliiet kan dukke opp for å hente han kva dag som helst.