Ev 16 mellom Bergen og Voss er ei av hovudnervane i den vestlandske samferdsla. Her er mykje tungbiltrafikk, og i Helletunnelen og Dalevågtunnelen i Vaksdal kommune har det skjedd ulukker og vore skapt svære farlege situasjonar fordi tunnelane ikkje held mål i høve dagens krav til framkomst og tryggleik, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet skal startast opp 1. september 2005 og vere avslutta sommaren 2006.

Helletunnelen og Dalevågtunnelen på Ev 16 har 4,0 meter høgde og er i dag dei lågaste av tunnelane på europavegen. Helletunnelen har i tillegg dårleg kurvatur som skaper farlege situasjonar særleg knytt til tungtransporten.

Statens vegvesen vil no få utbetra tunnelane til ei fri høgde på 4,50 meter pluss at svingane i Helletunnelen skal rettast ut.

Vegen mellom tunnelane skal også rustast opp, går det fram av pressemeldinga. Vegen blir open:

Mandag — Torsdag 06.45-15.15

Fredag 06.45-18.30

Lørdag 10.00-15.00

Søndag 10.00-18.30

Opningstidene er forhandla fram i møte med transportnæring, busselskap, kommune og næringsliv.