JOHN LINDEBOTTEN

Fylkesutvalet ber administrasjonen leggja fram konkrete modellar for finansiering til handsaminga av budsjettet for 2005.

I denne samanheng skal også samordning av ungdomskort og skuleskyssen vurderast.

Med 8 mot 7 har Fylkesutvalet også vedteke at det ikkje skal innførast ordning med honnør periodekort på buss no. Mindretalet (Ap, SV, RV, Sp, V) gjekk inn for å innføra honnør periodekort med 50 % rabatt i høve til ordinært periodekort.

I saksutgreiinga heiter det at innføring av ein rabatt på 50 % i forhold til ordinær periodekortpris vil gje rutelaga eit inntektstap på 1 mill. kr årleg, ein sum som fylkeskommunen vil måtta dekka dersom ordninga vert innført.