— Dette var godt nytt for oss. Eit langt steg i rett lei. No kan vi koma oss til Voss og til Bergen mykje tidlegare på dagen, og ha von om å nå attende til Vik før vegen vert stengt, seier Odd Rune Turvoll, leiar i Vik Næringssamskipnad, til Bergens Tidende.

— Vi har arbeidd for dette i mange år, og har venta på signal frå samferdsleministeren. Men dette var nesten meir enn eg hadde vona, seier ordførar Erik Lidal til BT.

Dei siste åra har opningstidene på Vikafjellet vore frå 08 til 20.30. Men Vik kommune, og ikkje minst Vik Næringssamskipnad, har arbeidd for å få desse tidene utvida.

Det er samferdsleminister Liv Signe Navarsete som står bak denne endringa. Statsråden har sjølv bakgrunn frå det lokale næringslivet i Indre Sogn. Ho kjenner godt til alle hindringar som ver og geografi legg i vegen for ei godt fungerande samferdsle.

— Utvida opningstid vil gjera det lettare for næringslivet i Vik kommune, som er isolert store delar av vinteren, seier Liv Signe Navarsete til Bergens Tidende.

Ho vi no gje Statens vegvesen i Sogn instruks om kva dei har å gjera til vinteren. Distriktssjef Paal Fosdal seier til BT at han alt har fått munnleg melding om det nye brøyteregimet på Vikafjellet.

Målet er heilårsveg

Fosdal veit ikkje sikkert kor mykje meir utvidinga vil kosta. Først må dei justera kontrakten med entreprenørselskapet Mesta, som utfører brøytinga. Fosdal opplyser likevel at kostnaden med brøytinga på Vikafjellet gjennom ein såkalla «normalvinter» ligg på rundt 3 millionar kroner.

Det viktigaste målet næringslivet i Vik er likevel heilårsveg med ope døgeret rundt over fjellet mot Voss og Bergen. Men det er uvisst når arbeidet kan koma i gang. Det går mot ein 7,5 kilometer lang tunnel frå sørsida opp mot Hestavollen. Prisen er rekna til 575 millionar kroner.

Vil ha lang tunnel

— Med denne tunnelen og betre veg vidare fram mot Storhaugtunnelen vil vegen over Vikafjellet verta om lag like vintersikker som vegen over Hemsedal, seier Statens vegvesen sin distriktssjef i Sogn, Paal Fosdal, til Bergens Tidende.

Riksveg 52 over Hemsedal har dag- og nattope vinteren gjennom, og er nesten aldri stengt.

— Eg er samd i at tunnel til Hestavollen vil hjelpa oss mykje. Men vi vil likevel arbeida for den lange tunnelen (15 km. red.m.) som også vil gje utløysing for lokalsamfunn som i dag har svært dårleg vegsamband. Vi meiner at det vil vera ei betre løysing også samfunnsøkonomisk, seier Odd Rune Turvoll.

BETRING: No vert det lettare å kome seg over Vikafjellet vinterstid.
Arkiv