Dette er ei utvidinga av den gjeldande ordninga med to timar. I ei pressemelding frå Statens vegvesen står det at leiaren i Norges Lastebileier-Forbund, Gunnar Apeland, tok opp dette i samband med møtet på Haukeli 17. februar.

Nye skilt som viser det nye tidsrommet for fri ferdsle vil vera på plass til fredag 4. mars, melder vegvesenet.

I det komande halvåret skal tunnelane over Haukeli høvlast i taket, slik at det frå i haust vert fri ferdsle både natt og dag for tungtrafikk opptil 4,1 meter.