I 2002 vedtok fylkestinget å godkjenne forskottering av veganlegget med 15 millionar kroner. No har årsmøtet i Fusa kraftlag vedteke å gå inn med tre millionar kroner ekstra.

Dette kan fjerne tre dårlege parti på vegen, som har fått auka trafikk, særleg av store køyretøy, Samferdselsutvalet tilrår at tidspunkt for tilbakebetaling av den forskotterte summen blir fastsett i samband med rullering av fylkesvegplanen 2006-2015.

Saka går vidare til fylkesutvalet 25. og 26. februar og blir endeleg avgjort av fylkestinget 16.-18. mars.