Kommuneplannemda vurderte tirsdag rådmannen sitt framlegg om å nytta mellom fem og sju millionar kroner på ei omfattande planlegging av prosjektet.

Ordførar Ole Fredheim seier til Kystradioen at det truleg blir danna eit selskap som skal styra arbeidet. Det kan bli aktuelt å oppretta eit aksjeselskap og invitera private interessentar med.

Utvalet som skal vurdera dette inkluderer Jan Utkilen frå Sotralista, Espen Villanger frå Arbeidarpartiet, Kirsten Kjølen frå KrF og Lars Lie frå Høgre.