Det var i Svesundet ved Bygstad inst i Dalsfjorden i Sunnfjord at «Lofoten» blei for høg. Bergens Tidende fekk med seg dramatikken frå riksveg 57 på sørsida av det svært smale sundet. Det knaka i trestolpane då toppmasta tok opp i ein kommunikasjonskabel. Kabelen hang i same spennet som høgspent over sundet, men ein god del lågare enn dei elektriske leidningane. Heile spennet rørde på seg, og høgspentleidningane slo saman så eldspruten stod.

Stolpane på kvar side av sundet heldt. Det same gjorde høgspentleidningane. Men kabelen for mobiltelefoni, som går frå ein sende— og mottakarstasjon på sørsida av fjorden og over til Bygstad sentrum, rauk. I tillegg knakk toppmasta på hurtigruteskipet som ei fyrstikk.

Ikkje avmerka

Før «Lofoten» gjekk ut att sundet, sette dei to av mannskapet på sjøen i ein lettbåt for å sjekke forholda. Ifølgje dei to skal ikkje mobilkabelen som hang under høgspenten, ha vore avmerka på sjøkartet. Dei to fortalde til folk som stod langs sundet, at etter draftet skulle det vere god klaring mellom fjordspennet over Svesundet og mastetoppen på «Lofoten».

Overfor Bergens Tidende stadfesta også lokalkjende folk som etter kvart kom til sjøkanten ved Dalsfjorden, at kabelen har hengt ein god del lågare enn resten av fjordspennet. For ei tid tilbake var ein lastebåt også oppe i kabelen, men då blei han hengande

Telenor, som eig kabelen, kan ikkje forklare kvifor dette har skjedd.

— Kabelen skulle hengt i same høgd som resten av spennet. Dersom han har hengt lågare, kan det vere at eit feste i ein av stolpane på land har svikta. Men det kan også vere andre forklaringar, og det er noko vi må prøve å finne ut av. Vi vil sende folk til staden i dag for å sjå på dette, seier informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor til Bergens Tidende.

Neppe store konsekvensar

I følgje teleselskapet vil ikkje kuttinga av gårsdagens kabel ha store konsekvensar for mobiltrafikken. Men selskapet hadde i går kveld ikkje fullt oversyn over kom mange som er knytte til nettet via anlegget ved Svesundet.

— Vi veit at dette gjeld ein del av Netcoms kundar i området. Truleg er det også tilfellet for dei som har Telenor mobil. Men særleg mange er det ikkje snakk om.

— Har det vore mange som har klaga fordi dei ikkje har samband?

— Nei. Og det hadde vi ikkje venta heller. Stasjonane på mobilnettet overlappar kvarandre. Vi trur at dei einaste som har merka noko, er dei som snakka i telefon då kabelen rauk. Samtalane blei då brotne. Men straks etter hadde dei signalet tilbake, men då frå andre sendar- og mottakarstasjonar i området.

ODDLEIV APNESETH