HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.noDet 35 år gamle fartøyet ligg no til kai på Haakonsvern Orlogsstasjon. Etter planen skal den minst ligge der ut året.Den 20. mai skal generalinspektøren i marinen avgjere om fregatten skal reparerast, eller avgå med døden for godt.— Slike delar er ikkje akkurat hyllevare. Det bekymrar oss. Vi kunne godt ha vore utan slike utgifter, seier informasjonssjef Gunnar Vetlejord ved Haakonsvern.I verste fall må marinen klare seg med to av opprinneleg fem operative fregattar, fram til dei nye kjem frå Spania i 2005. Ved ein reparasjon, vil KNM "Trondheim" uansett ikkje kome i drift att før ut på nyåret neste år.- Det vil gå ut over oppøving av fregattmannskap. Mogelegheitene til å vedlikehalde kompetansen vert mindre, og det vert mindre deltaking på øvingar. Det er litt av straffa for å segle så gamalt materiell som vi gjer, seier Vetlejord.Ei anna løysing kan vere å oppretthalde drifta av skuleskipet KNM "Horten" lenger enn planlagt. Sjølv om våpensystema manglar, vert dette rekna som god alternativ opplæring, fordi storleiken ikkje er ulik fregattane.- Kor sikre er dei to attverande fregattane?- Dei er like gamle, og det har vore problem med framdriftsmaskineriet på alle fregattane. Men vi kan ikkje segle fartøy som ikkje er innanfor tryggingsmarginane, seier Vetlejord.