ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Det er stiftinga Kirkens Sosialtjenester som utvidar engasjementet sitt i Voss kommune. Frå før har dei Styve gard på Evanger. Hotell Jarl sitt tidlegare hybelhus på Utsikten har seks hyblar og to husvære. Dette skal vera eit barneverntiltak for ungdommar i alderen 15-20 år. Her kan seks ungdommar med rus-, kriminalitet— eller andre åtferdsproblem trena seg opp til å bu på hybel. Eine husværet blir fellesrom, medan det andre blir ombygd til kontor for dei tilsette. Behovet aukar Frode Mosevoll er tilsett som dagleg leiar. Åtte miljøterapeutar skal skiftast om å ha tilsyn med dei som bur her, sannsynlegvis flest frå Bergen.- Behovet for barneverntiltak i Hordaland er aukande, og mange må sendast ut av fylket til kostbare opphald, seier prosjektleiaren for Utsikten, Jarle Bergaas, til Bergens Tidende.- Er ikkje freistingane for store så nær utestadane i Voss sentrum?- Dette har vi gjort med fullt overlegg. Målet er å få dei som kjem hit attende til samfunnet. Difor må dei læra seg konsekvensen av tilbakefall, seier Bergaas. Null rus - Kva blir konsekvensen av tilbakefall? Heimsending? - Nei, ikkje umiddelbart. Men rus på Utsikten blir ikkje akseptert av omsyn til dei andre som bur her.Det mest aktuelle er omplassering for kortare tid, åtvarar Frode Mosevoll.- Kva seier naboane? - Røynslene frå Styve Gard tilseier at vi får eit godt tilhøve til vossingane og kommunale styresmakter, seier han.Dei første ungdommane kan snart flytta inn på Utsikten. Dei fleste vil bli plassert av barne- og familiekontoret i Hordaland fylkeskommune. Dei har stort behov for tilbod for unge bergensarar som treng miljøskifte. Men andre fylke får rg tilbodet. Dagtilbod For Voss og grannekommunane kan det verta aktuelt med dagtilbod for vanskelegstilt ungdom. Miljøterapeutane på Utsikten kan ta seg av andre medan dei "fastbuande" er på skule eller arbeid.Kirkens Sosialhjelp har hovudkontor i Oslo. I Hordaland driv stiftinga frå før Kalfarhuset og Kalfarkollektivet i Bergen, samt Styve Gard på Evanger med avdeling i Arna.