Pasientar og tilsette på Osheim behandlingsheim må vente enno ei månad før dei får vite om institusjonen blir lagt ned.

Styret i Helse Bergen valde i går å utsetje spørsmålet om nedlegging til neste styremøte, 30. april.

— Det kom eit ønskje frå fleire av styremedlemmene om å utsetje saka, for å få meir fakta, seier styreleiar Ranveig Frøiland (biletet).

Ho seier styret til neste møte vil ha meir detaljar mellom anna om korleis dei fire behandlingsplassane på Osheim skal dekkjast inn, om institusjonen blir lagt ned.

Ho avviser at utsetjinga er tyder på at styret kan gå i mot administrasjonen, som vil leggje ned og flytte plassane til Haukeland.

— Nei, for det skjedde inga realitetshandsaming i styret i det heile. Ein ønska berre meir kunnskap om mellom anna korleis plassane blir dekt inn og kva det kostar, seier ho.

På neste møte har styret valet mellom å slutte seg til framlegget frå administrasjonen om nedlegging, eller å vedta at Osheim skal få leve vidare.