I staden krev styret nye utgreiingar på bordet.

Tillitsvald Asle Vedvik tolkar avgjerda som eit steg i rett retning for å oppretthalde anlegget.

Tidlegare har utgreiinar vist at det vil vere kring seks millionar kroner å spare dersom Gilde legg ned Eid-anlegget, og overfører produksjonen til andre anlegg i systemet. Men avgjerda er møtt med ei rekkje protestar, og tillitsvalde meiner gårsdagens utsetjing i alle fall viser at styremedlemene har tatt seg desse ad notam.

Det er rundt 30 årsverk ved Gilde-anlegget på Eid.