Anleggsarbeida på tunnelane fram til brua skulle for lengst ha vore godt i gang. Trafikken til og frå ferja Bruravik-Brimnes vil merka det ved at Vallaviktunnelen vert stengt i rundt åtte veker. Dette vil no skje tidlegast frå 17. november, seier prosjektleiar for Hardangerbrua, Øyvind Søvik.

Det var midt i august Statens vegvesen fekk sjokket. Utrekningane viste 230 millionar kroner for tilførslevegane. Så kom anboda. Skanska hadde det lågaste, med 292 millionar kroner. Meir enn 25 prosent over det dei trudde.

Skulda for det vart lagt på den stramme arbeidsmarknaden. Saka gjekk til Vegdirektoratet.

Utanlandsk konkurranse

Dersom dette hadde vore heile prosjektet, hadde det gått inn i serien av anlegg til liknande pris som og har auka med 25-30 prosent i det siste.

Men Hardangerbrua er noko anna. Der utgjer tilførslevegane berre 12-15 prosent av det heile. Totalprisen er rekna til 1,8 milliardar 2005-kroner. Går det likeeins med brutårna og bruspennet, vert overskridinga nær 500 millionar kroner.

Innbydinga til å gje anbod på sjølve brua går ut mot slutten av året. Øyvind Søvik fortel at store selskap både i og utanfor Europa har signalisert interesse for bruoppdraget. Vona er at dette skjerpar konkurransen, slik at prisen held seg omkring vegvesenet utrekningar.

Svar innan 15. november

Men i Vegdirektoratet er dei litt nervøse.

— Når vi går gjennom den prisauken vi ser for tilførslevegane, er det klårt at vi har det totale prosjektet i tankane, seier Lars Aksnes, som er sjef for utbyggingsavdelinga.

Han opplyser at dei no lagar eit notat som dei sender over til Samferdsledepartementet.

I mellomtida ventar anbydarane på svar. Opphavleg var fristen for å tildela oppdraget 1. oktober. Men anbydarane har gått med på å venta til 15. november.

Kanskje ikkje så gale likevel. Øyvind Søvik opplyser at Rv. 572, Bruravik-Ulvik-Granvin, enno ikkje er heilt klar til å ta i mot tungtrafikken som er venta når Vallaviktunnelen vert stengt. Særleg står det på ei bru i ein 90 graders sving ned mot Ulvik. Men det er lova ferdig til 17. november, seier Søvik.

STATENS VEGVESEN