Hordalandpolitikarane vil dessutan møte sine kollegaer både i Sogn og Fjordane og Rogaland før framtida for dei vidaregåande skulane skal avgjerast. Etter planen som no er lagt skal det skje på fylkestinget i mars.

— I ei så omfattande sak må vi samhandle både mot nord og sør. Det vil bli møte både på administrativt og politisk nivå. Og når no det alt vesentlege av planen ikkje skal opp før til våren, har vi god tid, seier leiar i opplæringsutvalet, Roald Stenseide (Frp).

I Sogn og Fjordane, som også arbeider med ein skulebruksplan, er det lagt eit løp som tilseier fylkestingshandsaming i juni.

Bergen og Voss

Høyringsfristen for skulebruksplanen i Hordaland gjekk ut 1. oktober. I alt har det kome inn ikkje mindre enn 263 fråsegner på til saman 3000 sider.

— Høyringsfråsegnene er så omfattande at vi ikkje greier å gjennomføre ei forsvarleg sakshandsaming til fylkestinget i desember. Dette er grunnen til at vi har avgjort å utsetje det alt vesentleg av skulebruksplanen til våren, seier Stenseide.

Men to punkt i planen skal likevel opp før jul, det som skjer i Bergen sentrum og på Voss. I Bergen gjer omsynet nye Amalie Skram vidaregående som er under bygging på Nygårdstangen det nødvendig å fatte vedtak. På Voss er årsaka bygging av nytt gymnas.— Utan vedtak i desember vil prosessane og arbeidet desse to stadene stoppe opp. Det går ikkje, seier Stenseide.

Verre for mange

I dagens papirutgåve kunne Bergens Tidende fortelje at Austrheim vidaregåande i Nordhordland, Dale i Sunnfjord og Høyanger i Sogn er truga av nedlegging. Dersom alle skulane blir avvikla, blir området frå Knarvik til Førde ståande utan vidaregåande skuletilbod. Med dagens elevmasse ville rundt 400 elevar frå ti kommunar vore hybelbuarar, dersom dei tre skulane ikkje hadde eksistert.

-Vi skal satse på å hindre fråfall i den vidaregåande skulen. Nedlegging vil gjere skulegongen verre for mange, sa rektor Kjersti Haugland ved Austrheim vidaregåande.

Ho tek til orde for at politikarane i dei to fylka no må setje seg saman og sjå over kommunegrensene.

Utfordrande

Det lovar utvalsleiar Stenseide at dei no skal gjere.

— I tillegg til sitausjonen i nord, har vi tilsvarande mellom Etne og Ølen i sør. Vi må snakke både sørover og nordover.

— Er desse to områda dei mest problematiske i skulebruksplanen for Hordaland?

— Det er i alle fall to av dei. Men vi har også utfordringar andre stader, som på Bømlo der det også er framlegg om nedlegging. Eg vil understreke at vi er opptekne av at elevane skal kunne bu heime. Det er ikkje ønskjeleg med mange fleire hybelbuarar.

Kva meiner du om mogleg skulenedlegging?

LOVAR SAMRÅD: Leiar for opplæringsutvalet i Hordaland, Roald Stenseide, lovar å møte politikarane både i Sogn og Fjordane og Hordaland før skulebruksplanen blir avgjort.
ØRJAN DEISZ