Tidlegare har heradsstyret gått inn for å leggja ned ungdomskulen i Norheimsund og flytta elevane over til skulen i Øystese. På heradsstyremøtet i går kveld vart det med knappast mogleg fleirtal (14-13) vedteke å utsetja handsaminga av saka til våren. Alle parti delte seg i avrøystinga, ifølgje ordføraren.

— Me ber administrasjonen om å finna betre talgrunnlag så snart som mogleg, og at dei lagar eit forprosjekt for alle dei attverande skulane, seier ordførar Astrid Kristin Selsvold.

Det siste året er talet på skular i Kvam halvert på grunn av dårleg økonomi. Stort oppussingsbehov og pålegg frå Arbeidstilsynet har gjort at mange skular er blitt stengde. Heradsstyret vedtok i går ei investeringsramme på 173 millionar kroner til investeringar i dei skulane som er igjen.

Ordføraren håper at talmaterialet kan vera klart til mai. Då blir det endeleg teke stilling til ungdomsskulen i Norheimsund sin lagnad.