– For å få full oversikt må vi vente, seier Tor B. Aasen. Han er overlege ved Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus.

Aller tidlegast 1. november kan undersøkinga kome i gang – og truleg vil det dryge til rundt juletider. Først skal den endelege prosjektskildringa bli godkjent av både Helsedirektoratet og ein forskingsetisk komité.

Fleire år

– Økokrim sit på opplysingar vi skal få tilgang til, om innhaldet på tankane. Det vil vere uklokt å ikkje gjere dette grundig. Vi må kunne stole på resultata frå arbeidet, seier Aasen.

Også Datatilsynet må seie ja til å opprette ein såkalla biobank for å lagre alle prøvene i prosjektet. Prosjektet vil gå over fleire år.

Helsegranskinga blir gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet, og skjer etter at over hundre personar i Gulen kommune fekk plagar som kvalme, hovudpine og irritert hals. Både naboar og personar mange kilometer unna har meldt om plager.

Aasen håpar eit resultat av helseundersøkinga vil bli at dei fem yrkesmedisinske avdelingane i Norge blir tidlegare kopla inn ved framtidige miljøkatastrofar.

Sjekkar for kreft

– Til no har slike hendingar vore Folkehelsa sitt ansvar. Vi håpar at dei lokale ressursane vi representerer blir lagt inn i beredskapsplanane i framtida, seier avdelingsleiaren.

Eksplosjonen ved det tidlegare Vest Tank skjedde 24. mai 2007. Plagene kom særleg i fjor sommar, då varmt vêr førte stinkande eksplosjonsmassar rundt til store område sør i Gulen kommune. Tidlegare har også BT skrive om giftig gass frå eksplosjonen, som gjekk over eit større område i Gulen kommune enn tidlegare tenkt.

– Vår sjekk går på dei langsiktige helsekonsekvensane, om det er større sjanse for kreft, fostersjukdommar eller andre skader som ei følgje av eksplosjonen, seier Aasen.

Blir liggjande over helga

I Sløvåg ligg framleis skipet som skal frakte den forureina grusen til kai – i påvente av eit tysk importløyve. Grusen skal gå til eit avfallsanlegg i Tyskland.

– All naudsynt dokumentasjon skal vere klar hos tyske styresmakter, men sjølve løyvet blir ikkje gitt før over helga, seier Harald Sørby, seksjonsleiar i Statens forureiningstilsyn.

Sørby trur det skjer på måndag. Det trur også Håkon Ivarson, administrerande direktør i Alexela. Han hadde håpt at alt skulle gå i orden fredag.

– Men det er ingen signal om at dette ikkje skal kome i orden, seier Ivarson.

I tillegg til dei 800 tonna med forureina grus, er det og 2200 tonn med boremudd igjen frå det tidlegare Vest Tank. Dette avfallet skal ha vore på tank sidan før eksplosjonen.

Kva synest du om at helsesjekken blir utsett? Skriv eit innlegg her.

VENTAR PÅ LØYVE: - Vi håper tyskarane gir oss importløyve på måndag. Det er føresetnaden for at vi får eksporttillatelse frå Statens forureiningstilsyn, seier Håkon Ivarson, administrerande direktør ved Alexela Sløvåg.ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM