Ordførar Gard Folkvord fekk ikkje gjennomslag for sitt forslag om å trekka søknaden om Unesco-status for tomta der Odda smelteverk heldt til for inntil seks år sidan.

Folkvord hadde støtte i folkerøystinga sist haust, men på kommunestyremøtet onsdag var han også avhengig av støtte frå koalisjonspartane i Høgre og Senterpartiet.

Ap-ordføraren fremja forslag om å trekka søknaden på onsdagens kommunestyremøte, men fekk berre støtte fra Framstegspartiet, og det blei 11 stemmer for å trekka søknaden og 16 stemmer mot.

Dermed blir heile spørsmålet utsett på ubestemt tid, etter framlegg frå Høgre og Senterpartiet.

Koalisjonspartane ønskjer å bruke spørsmålet som forhandlingskort overfor vernestyresmaktene for å redusere omfanget av vern på smelteverkstomta.

På møtet vedtok Odda kommunestyre å utsetje spørsmålet om søknaden skal trekkjast.

Opposisjonen i Odda mobiliserte framfor onsdagens møte i kommunestyre, i frykt for at ordførar Gard Folkvord ville gjera framlegg om å trekkje søknaden om Unesco-status for tomta der Odda smelteverk heldt til for inntil seks år sidan.

HALVE ODDA: Smelteverkstomta på 167 mål er like stor som heile dagens Odda sentrum.Området er avgrensa av elva til høgre og riksvegen til venstre.Den raude fargen markererden delen av området som er mellombels freda og som er grunnlaget for søknaden om verdsarvstatus for Odda.
Odda Kommune