— Vi vil ta fram heile problempakken for samferdselsministeren, og be ho gjera noko med det. Går alt imot oss, i den nær føreståande rasjonaliseringsprosessen i offentleg sektor, blir det svært ille, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Bergens Tidende.

Står på nedleggingslister

Det er i 2002 at nedleggings-objekta i den statleg sektoren blir vedtekne. Sandal er redd fylket står på nedleggingslister. Noko veit han, noko trur han og fryktar vil kome seinare i år.

— Vegdirektoratet styrer lagnaden til vegkontoret i Leikanger. Luftfartsverket planlegg kutt i talet på flyplassar. Samferdsledepartementet har alt kutta ut det såkalla Atløy-kortet, og har dermed fråteke folk og næringslivet eit fornuftig pristilbod til og frå Atløy, seier Sandal.

I lufta er det nær rutekaos og reduserte tilbod. Florø lufthamn, med oljebase i byen, er i harnisk over Coast Air. Det går rett ned med flytrafikken både i Florø og Sogndal. Og dei to andre kortbaneflyplassane, Bringeland i Førde og Anda i Nordfjord, blir truleg nedlagde.

Kommunesamanslåing

— Kutt i talet på fylkeskommunar står ikkje på lista di på Oslo-møtet ?

— Den saka må Sogn og Fjordane fylkeskommune drøfte med andre enn samferdsleministeren, seier Sandal.

Fylkesmann Oddvar Flæte kom i eit BT-nyttårsintervju med synspunkt på å slå saman kommunar i Sogn og Fjordane, som ledd i å styrke regionane. Det for å kunne trekkje til seg seg statlege oppgåver til store kommuneeiningar.

— Deler du hans synspunkt?

— Dersom denne prosessen blir dreven av kommunane i fylket, er eg einig med fylkesmannen, seier Sandal.

Flyruter utan Førde og Nordfjord

Samferdsledepartementet førebur no utlysing av konsesjonar for nye tre år med ruteflyging på flyplassane på Vestlandet. For første gang kan flyplassane i Førde (Bringeland) og Nordfjord (Anda) mangle i dokumenta, skriv Firda Tidend.

Det betyr at Luftfartsverket reknar med at dei to kortbaneplassane skal leggjast ned i løpet av neste år. Situasjonen er blitt ytterlegare dramatisk også for Luftfartsverket, som i fjor tapte heile 100 millionar på drifta av «melkekua» Gardermoen.