— Dersom ein vil Utne Hotell vel, så må det koma ut av den negative spiralen det er inne i, seier Jakob Bleie til Bergens Tidende.

Han er styreformann i stiftinga som eig hotellet, og som no vil lysa det ut for sal. Hittil har stiftinga satsa på utleige, men ingen har fått til lønsam drift. Den eine leigetakaren etter den andre har gitt opp.

Antikvitetar kan bli solgt

Den nye styraren ved Hardanger Folkemuseum på Utne er skeptisk til planane. Ho er redd for at ein ny eigar kan selja unna inventar og antikvitetar. Sjølv om intensjonane er gode i utgangspunktet, kan økonomiske realitetar før eller seinare føra til at verdfulle skattar blir borte.

— Det var nettopp for å halda hotellet med alt innhald intakt at Hildegun Blokhus Aga overlet hotellet til ei stifting, minner Jordal om.

Uerstatteleg kunst

Bygningen er proppfull av uerstatteleg kunst og antikvitetar frå fleire hundreår. Overfor Bergens Tidende vert det minna om lagnaden til gjesteheimen på Lofthus. Der selde den nye eigaren først rubb og rake av antikvitetane, og deretter sjølve huset. På Utne er det enda meir å henta for spekulantar og samlarar.

— Vi vil sjølvsagt ta omsyn til dette ved salet. Kontrakten vil innehalda klausular som sikrar at både hus og innhald skal vera med ved eit eventuelt vidare sal, seier Bleie.

Han vedgår likevel at det ikkje går an å sikra seg hundre prosent for all framtid.

— Det blir ei utfordring å finna fram til den rette kjøparen, understrekar han.

Eigartilknytning

For stiftinga er det veldig viktig å halda kulturskatten samla, og styret har samrøystes kome til at det best kan gjerast ved å oppløysa stiftinga og selja hotellet. Den som driv, treng ikkje berre ein god porsjon idealisme, men må også ha eigar-tilknytning, meiner Bleie.

— Har også Folkemuseet sin representant i styret røysta for avhending?

— Ja, men det er frå den kanten det er kome innvendingar, slik at vi må innhenta uttale frå alle som var med på å skipa stiftinga. Deretter avgjer Fylkesmannen om stiftinga kan avskipast.

— Kor store er sjansane for at det ikkje blir sal likevel?

— Veldig små, seier Bleie bestemt.

Hotellet eit samlingspunkt

Også museumstyrar Solveig Jordal er oppteken av at Utne Hotell skal vera i drift, og ikkje fungera som eit reint museum. Det er kulturhistorisk viktig, og det er viktig for lokalsamfunnet på Utne, der hotellet er eit samlingspunkt. Det manglar berre 21 år på at det har vore i samanhengande drift i 300 år.

Men Jordal er skeptisk til at stiftinga skal løysast opp og selja hotellet. Ho ser ikkje bort frå at det kan koma eit fredningsvedtak frå fylkesantikvaren og riksantikvaren.