— Eg må seie meg lei for dei forholda som har vore her tidlegare. Eg har no utarbeidd nye kontraktar i samarbeid med Forbrukarrådet, slik at vi unngår noko liknande i framtida, seier Matland. Bergens Tidende fortalde i førre veke om studenten Lars-Kristian Haugen, som endte opp med ei rekning på 13.680 kroner for å ha leigd ein liten hybel i ein snau månad. Årsaken var ein beinhard leigekontrakt utforma av huseigar Ove Matland - ein kontrakt Forbrukarrådet meiner er i strid med husleigelova og dermed ugyldig.

Vil samarbeide Nå legg Matland seg langflat for krava frå Forbrukarrådet og Haugen. Det einaste Haugen skal betale, er husleige fram til ny leigebuar er på plass. Kravet om 8800 kroner «som vederlag for merarbeid og risiko» fordi Haugen sa opp hybelen, slik det var formulert i kontrakten, fell bort. Matland innrømmer at han ikkje har følgd spelereglane. - Eg har vore alt for opptatt av å tene pengar, og for lite opptatt av å sjå sakene frå leigetakarane si side. Det er dei som er den svake parten i eit utleigeforhold, seier Matland. Dei siste dagane har han hatt samtaler både med Leieboerforeningen og Forbrukarrådet. - Eg ønskjer å samarbeide med dei, slik at vi unngår slike saker i framtida, seier Matland.

- Må tenkje annleis Ove Matland leiger ut sju hyblar i Hans Holboes gt. 14, og har i årevis vore ein gjengangar i klagebunkane hos Leieboerforeningen. Krav om innflyttingspengar utanom kontrakten, innføring av eit eige utvaskingsgebyr og dobbeltbooka hyblar er noko av det leigebuarane hans har klaga på. - Det har vore ein del slike saker, og det er eg lei meg for. Eg vil i framtida fokusere mindre på mine eigne rettar, og meir på å få nøgde leigebuarar. Eg har i det siste vorte nøydd til å tenkje igjennom kva eg eigentleg driv med, og har erkjent at eg må tenkje annleis framover, seier Matland. Han vil derimot ikkje svare på kor mange leuigebuarar som har vore utsett for dei same ugyldige kontraktane som Haugen no har fått oppheva. - Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Men dersom det finst tilsvarande tilfelle, ønskjer eg å gjere opp med dei på same måte som eg har gjort opp med Haugen, seier Matland.