Politiet fekk melding om trafikkulykka på riksveg 55 ved Skrede like før klokka 17.

— Eit einsleg køyretøy med eit eldre ektepar hamna utfor vegen ved Hornindalsvatnet, aust for Kongenestunnelen, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Paret, som er i 70-åra, er frakta til sjukehuset på Eid.

— Dei har lettare til moderate skadar, seier operasjonsleiar.

Det er ikkje tatt stilling til om førarkortet til mannen vil bli beslaglagt.

— Spor på staden viser at bilen har køyrt langs grøfta i 30-40 meter, før den har skjena over og treft ein fjellknaus, seier Vereide.