Det seier operasjonsleiar Asbjørn Aarnes til bt.no.

Ingen personar vart skadd då bilen kjørte utfor, etter det operasjonsleiaren kjenner til.

Utforkjøringa skal ha skjedd på Oppheims-sida av oppkjørselen til hotellet. Vegtrafikksentralen er varsla om at det er glatt, og klokka 22.35 var strøbil på staden.

— Det er så glatt at føraren som melde frå om uhellet ikkje torde stoppa, seier Aarnes.