– Det er rett og slett skammeleg, seier stortingsrepresentant Jorunn Ringstad (Sp). Både Ringstad og SV-representant Heidi Grande Røys ber no statsråden svare skriftleg på kva han vil gjere for at den nye avdelinga i Førde kan komme i gang snarast råd.

– Dersom Helse Førde eller Helse Vest ikkje har pengar til å drive ein psykiatrisk avdeling for ungdom i Sogn og Fjordane, då må det kvile eit ansvar på sentrale styremakter, seier Ringstad.

Tomt praktbygg

I desse dagar legg handverkarane siste hand på nybygget som skal fungere som ungdomspsykiatrisk avdeling for Sogn og Fjordane. Fylket er det einaste i landet som ikkje har eigen klinikk for behandling av unge psykiatriske pasientar.

Det arkitektonisk særprega bygget har kosta 35 millionar kroner. Problemet er at det ikkje finst pengar til drift. Drifta skulle etter planen alt starta i det små frå årsskiftet. Men i Bergens Tidende sist søndag gjekk administrerande direktør Leif Kapstad i Helse Førde langt i å antyde at det kanskje ikkje blir drift av institusjonen i år. Først mot slutten av februar er det venta ei endeleg avklaring.

– Eg har dei siste dagane snakka med fleire foreldrepar som har eller har hatt ungar med behov for psykiatrisk hjelp. Dei fortel om ein situasjon som slit ut heile familiar. Det som skjer no er fortvilande. Her er det reist eit bygg, men så er det ikkje pengar til å fylle det med innhald. Det er i slike situasjonar eg forstår at folk ikkje stolar på politikarane, seier Jorunn Ringstad.

Manglar 500 mill.

SV-representant Heidi Grande Røys seier Helse Førde har eit poeng når dei argumenterer med at så lenge sentrale styremakter har godkjent bygginga av ein psykiatrisk avdeling for ungdom i Førde, må det også følgje med pengar til drift.

– Regjeringa har i årets statsbudsjett sett av ein halv milliard kroner for lite til å følgje opp sin eigen opptrappingsplan for psykiatrien. Statsråden og departementet må vite at manglande oppfølging vil ha nokre konsekvensar i andre enden. På den andre sida veit også Helse Førde at dei aldri vil få 100 prosent finansiering. Slik er det berre. Dei må også omprioritere og bruke av eigne midlar, seier Grande Røys. Både SV— og Sp-representanten trur dei veit kva svar helseminister Dagfinn Høybråten vil komme med, nemleg at helseføretaket må omdisponere og finne midlar innanfor eige budsjett.

– Men det må også liggje eit ansvar på sentrale styremakter som så klart har sagt at psykiatri, og ikkje minst ungdomspsykiatri, er eit satsingsområde. For om helseføretaket ikkje har pengar, kva blir det då av satsinga? Ikkje anna enn tomme ord, meiner Jorunn Ringstad.