Regjeringspartnarane Sp og SV har gjort vedtak i saka på landsmøta sine, medan sentralstyret i Ap er negativ til framlegget.

Varaordføraren i Granvin, Jan Ivar Rødland, frontar denne saka på landsmøtet. Han kjempar for eit framlegg om at det må takast omsyn til miljø og lokale interesser ved bygging av framtidige kraftliner.

Opprørd

Han er opprørd over at Statnett i går rykka ut og sa at kostnadene ved å legge ei ny kraftline i kabel, til dømes gjennom Hardanger, skal veltast over på forbrukarane.

— Det må bli slutt på at forvaltningsorgan som Statnett, blandar seg inn i politiske saker. Dei får halde fingrane av fatet. Dette er klart nok ei politisk sak. Det høyrer ingen stad heime at eit statseigd organ som Statnett går inn i ei politisk sak som dette, seier Rødland.

— Vi har berre gjeve uttrykk for korleis vi ser det: kven skal elles betale meirkostnaden andre enn kundane: hushald, industri og næringsliv, seier informasjonsdirektør Tor Inge Akselsen, i Statnett.

Økonomi framfor miljø

Granvin Ap har fått støtte frå Hordaland Ap i denne saka. Tidlegare olje- og energiminister, Olav Akselsen, som nå leier utanrikskomiteen på Stortinget, støttar og kravet frå Granvin.

— Eg har diverre ikkje allverdas tru på at vi får støtte frå landsmøtet, seier Rødland. Landsstyret i Ap har sendt framlegget over til redaksjonskomiteen. Innstillinga derfrå kjem først i morgon, på siste dag av landsmøtet.