– For ein gongs skuld er eg einig med Arne Sortevik, og no utfordrar eg han til å skaffa fleirtal for Jondalstunnelen, seier leiar i Hordaland Senterparti, Steinulf Tungesvik.

Han er overtydd om at Jondalstunnelen vil bli vedteken i fylkestinget dersom alle partifellene til Sortevik røystar for.

– No får vi sjå kva Sortevik er laga av, seier Tungesvik.

Som tidlegare statssekretær i Samferdsledepartementet står Tungesvik inne for prislappen som statsråd Liv Signe Navarsete har sett på Jondalstunnelen, basert på ekspertutrekningar. Han er oppgitt over at fylkesrådmannen har lagt Vegdirektoratet sitt høgare tal til grunn, og vender tommelen ned for Jondalstunnelen.

Tungesvik nektar likevel ikkje for at rådmannen har full rett til å basera seg på Vegdirektoratet sine tal. Statsråden si prisytring kom som svar på eit skriftleg spørsmål frå Arne Sortevik i Stortinget, og ikkje som lekk i saksgangen.

– Men no gjeld det å skaffa politisk fleirtal for Jondalstunnelen, seier Tungesvik.