Som tidlegare fylkespolitikar i Hordaland har Valle god kjennskap til korleis barnevernstilbodet i fylket vart bygd opp gjennom 80— og 90-talet.

For drygt eitt år sidan overtok den statlege Barne- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) ansvaret for barnevernet, og i går kunne Bergens Tidende fortelje om harde kutt i tilbodet til dei ungdommane som har størst problem.

Reagerer sterkt

— Eg reagerer sterkt på at dei no vil kutte i tilbodet til dei som gong på gong har blitt svikta av vaksensamfunnet, seier Valle. - Vi kan rett og slett ikkje spare inn på tilbodet til denne gruppa.

Som einaste lukka barneverninstitusjon i region Vest tek Øvsttunsenteret i Bergen hand om dei unge med aller størst problem. Valle har fleire gonger vore på besøk ved Øvsttunsenteret, og har også tatt vakter som hospitant der.

— Eg forstår godt at arbeidet med barnevern må leggast om og drivast med blant anna tiltak i nærmiljøet. Men vi må ha eit heilt sett av tiltak å velje mellom. Derfor er det også behov for ein plass som Øvsttunsenteret. Det blir heilt galt å kutte ned tilbodet der, meiner SV-representanten, som også er leiar for stortingets kontroll- og konstitusjonskomite.

Ho vil no ta saka opp med barne- og familieministeren, anten som brev eller i stortingets spørjetime.

Dobla byråkrati

Valle er også uroa for det omfattande byråkratiet som er bygd opp rundt den nye, statlege barnevernsetaten kalla Bufetat.

Medan dei tre fylka som utgjer region Vest tidlegare klarte det administrative arbeidet med til saman rundt 20 stillingar, er det i dag nesten dobbelt så mange byråkratar i arbeid på regionkontoret i Strandgaten i Bergen. I tillegg arbeider mellom 80 og 90 kontortilsette ved det sentrale Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i Oslo.

I tillegg er rundt 50 personar tilsett i fagteam som arbeider med dei konkrete sakene rundt om i regionen.

Trass ekstraløyvingar på 40 millionar i sitt første driftsår, så brukte Bufetat region Vest 28 millionar kroner meir enn dei fekk tildelt. Til saman fekk regionen løyvd 920 millionar kroner i 2004.

— Dersom det er blitt slik at ein større del av ressursane går til administrasjon og byråkrati i staden for til å hjelpe dei som treng det mest, så må vi sjå nærare på saka, seier Valle. - Eg vil spørje statsråden om det verkeleg var dette vi ville med den nye etaten.

Skulle ikkje bli råka

I tillegg til barnevern arbeider Bufetat blant anna med familievern, adopsjon og krisesentera.

Då Bergens Tidende tidlegare i år skreiv om overforbruket og budsjettsprekken i region Vest, sa direktør Ann-Marit Sæbønes i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet at tilbodet til barn og unge ikkje skulle bli råka av innstrammingane.

Ho peika på at region Vest overtok eit dyrt barnevern frå fylkeskommunen, og meinte at mange kunne få eit like godt tilbod til lågare pris.

Såleis har Bufetat region Vest lenge arbeidd med å reforhandle dei aller dyraste private tilboda, og eit anna mål er å få fleire barn over frå institusjon til fosterheim.

Men ved Øvsttunsenteret i Bergen meiner dei tilsette at den lukka institusjonen er det beste tilbodet for ein del av dei aller hardast utsette unge - og at tilbodet til denne gruppa vil bli svekka når bemanninga i høve talet ungdommar no skal reduserast.