— Det var to personar i bilen, begge i slutten av tenåra. Føraren er lettare skadd, men den kvinnelege sjåføren skal vera uskadd.

Det seier operasjonsleiar Per Rimmen Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han opplyser også at det ikkje er mistanke om ruspåverka køyring.

— Det skal ikkje vera glatt på vegen der utforkøyringa skjedde. Men vi veit ikkje noko nærmare om årsaka til ulukka, seier Rimmen.

Bilen var på veg nordover då han køyrde utfor vegen i Innvik sentrum, og han vart liggande på sida etter utforkøyringa.