Klokka 10.05 i dag fekk politiet melding om ein bil som køyrde ut av vegen om lag ein kilometer nord for Løno. Løno ligg på hovudvegen E16 mellom Voss og Vinje i Voss kommune.

— Bilen køyrde utfor vegen, ramponerte rekkverket og knekte ein telefonstolpe. Bilføraren var aleine i bilen. Den 53 år gamle mannen vart sendt til Voss sjukehus med ambulanse. Han er truleg ikkje alvorleg skadd, seier politiførstebetjent Einar Bystøl ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Arnstein Karlsen