Unge Tom Atle Ingvoldstad og Kristin Elisabet Grønberg utforskar den nye UFO-en. For ei vekes tid sidan landa UFO-en i området der det har vore markerte avtrykk i terrenget sidan midt på 70-talet, då det skjedde merkelege ting i øysamfunnet på sørvestsida av Bømlo.Ei fullmånenatt i 1975 blei det frå fleire stader observert ein lysande gjenstand som gjekk over himmelen mot Espevær. Nokre dagar etter vart det oppdaga eit stor ringforma avtrykk i bakken vest på øya. Marka var pressa om lag sju centimeter ned i eit 40 centimeter breidt spor, og omkrinsen på det heile var 63 meter. Mange har prøvd å finna forklaring på fenomenet, som ifølgje UFO-logar er største UFO-avtrykk i verda. Hummarpark og kabelferje — Det er i alle fall eit turmål når me først tar ei dagsutflukt til denne øyidyllen. Men me tar full pakke når me først er her ute, med besøk både i Hummarparken og Baadehuset, med kabelferja som attraksjon på turen over til sistnemnde, seier Ingeborg Kraabøl Grønberg. Fire av dei fem som nyt sommardagen ved UFO-ringen og den nye UFO-utsmykkinga på Espevær kjem frå Mjøs-traktene, og besøkjer kjenningar på Bømlo. Arv frå kulturbyen - Skultpuren me har fått på plass her blei laga av Johanne Getz og Vilde von Krogh i eit Kulturby Bergen-prosjekt. Aluminiums-UFO-en med ein diameter på seks og ein halv meter har me fått på lån her til Espevær, og han er med og forsterkar UFO-preget på øya vår. Nesten alle som kjem hit har høyrt om UFO-ringen, seier Jorunn M. Helgesen, fast omvisar i Baadehuset.

UFO-UTFORDRING: Tom Atle Ingvoldstad og Kristin Elisabeth Grønberg utforskar UFO-skulpturen i terrenget ved UFO-ringen på Espevær.
Foto: Lars Meland