Ein del norske foreldre lar vere å MMR-vaksinere borna mot mesling, kusma og raude hundar. Årsaka er frykt for at borna skal utvikle autisme. Men ingen forskingsstudiar stadfestar denne hypotesen.

Heller ikkje ein japansk rapport, som nettopp er publisert i tidsskriftet New Science. Den viser tvert imot at talet på autistiske born steig etter at vaksinasjonsprogrammet vart stoppa i Japan.

Dette er første gong forskarar har undersøkt førekomsten av autisme før og etter tilbakekalling av MMR-vaksine.

— Studien forkastar påstanden om at MMR kan føre til autisme, seier Michael Rutter, professor i psykiatri ved Kings College i London, til BBC News.

MMR-nei i Japan

Japanarane frykta at MMR-vaksine kunne føre til hjernehinnebetennelse og trekte vaksinen tilbake i 1993. Trippelvaksinen vart erstatta av enkeltvaksiner.

I ein japansk by har forskarar frå Yokohama rehabiliteringssenter, og psykiatrisk institutt ved Kings College undersøkt førekomsten av autisme blant nær 31.500 born under sju år i perioden 1988 til 1996.

I 1988 var det 48 tilfelle av autisme pr. 10.000 born i byen. Åtte år seinare hadde talet stege til 117 tilfelle.

Professor Claus Ola Solberg ved Haukeland Universitetssjukehus er ikkje overraska over resultatet frå Japan.

— Tidlegare har også finske, britiske og danske undersøkingar vist at det ikkje finst nokon samanheng mellom MMR-vaksine og autisme, seier Solberg til BT.

Skremde foreldre

Likevel har talet på MMR-vaksinerte norske born gått ned etter at TV 2 viste dokumentaren «Rikets tilstand» i 2001.

Der sette den omstridde, britiske forskaren Andrew Wakefield fram hypotesen om at MMR-vaksinen kan føre til autisme hos born. Mange småbornsforeldre vart skremde, og tv-programmet fekk konsekvensar.

I 2003 fekk kring 86 prosent av toåringane MMR-sprøyte. Dette er fire prosent færre enn i 2001, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Også i England lar mange vere å vaksinere borna. Ifølgje BBC ligg talet på MMR-vaksinerte born i dag så vidt over 60 prosent i nokre delar av landet.

— Wakefield og hans påstandar har gjort veldig stor skade. Alle fagfolk er einige om det, seier Solberg til BT.

— Eg pleier å seie at det er tre ting som er svært viktig for folkehelsa i verda: Reint vatn, god hygiene og vaksinar.

Kritisk til forskarane

Heller ikkje divisjonsdirektør ved Folkehelsetilsynet, Hanne Nøkleby, er overraska over dei japanske forskingsresultata.

— Dette viser igjen at MMR-vaksine ikkje er årsaka til at talet på autistiske born stig, seier Nøkleby til BT.

— Kan du forsikre norske foreldre om at det er ufarleg å MMR-vaksinere borna?

— Ja. Utan atterhald.

Men Vaksineopplyste Foreldre lar seg ikkje overtyde av den nye rapporten. Organisasjonen spreier informasjon om vaksinasjon, og får dagleg telefonar frå urolege foreldre.

— Eg vil uansett ikkje gje MMR-vaksine til mine born, seier dagleg leiar Karen Sundøy, som er svært kritisk både til denne og tidlegare forskingsrapportar.

— Så langt har ingen av undersøkingane vore gode nok til å avkrefte at MMR-vaksiner kan føre til autisme. Vi vil derfor halde fram med å informere om konsekvensane av vaksinasjon. Så må foreldra ta det endelege valet.