Med berre bikkja som selskap skal 33-åringen leve eit heilt år ute i fjella og skogane i Indre Sogn, utelukkande av næringa han sjølv finn i naturen.

Vel fem månader ute i prosjektet er det bitande kaldt, men Clausen ser lysare på livet enn nokon gong.

Kulden betre enn mildvêr

I går tidleg vakna Clausen i 05-tida, termometeret viste minus 19 grader og han påstår at han kjende seg god og varm. Nesten litt sveitt inne i soveposen, faktisk.

– Dette er mykje betre enn mørkt, vått nullføre med sludd og regn, seier uteliggjaren. – Eg har god sovepose og gode klede, og har tilvant meg gradvis det kalde utelivet. Så dette er ikkje noko kuldesjokk for min del. Eg søv godt og varmt. Og det er gnistrande vakkert rundt meg.

Dei første månadene av overlevingsprosjektet heldt han til i gapahuk eit stykke oppe i fjella, medan han no har trekt ned til fjorden og inn i ein sjølvlaga lavvo-inspirert konstruksjon.

På mobiltelefonen fortel Clausen at han i snakkande stund sit inne og kosar seg, med bålvarme og ei bok i fanget.

Han ønskjer ikkje å gje opp nøyaktig kvar han er, berre at det er på sørsida av Sognefjorden og omtrent like langt vest som Sogndal.

Ein heldig villmann

Menyen består framleis av hovudsakleg hjortekjøt, som han enno har igjen av etter jakta i fjor haust.

– Det går i hjortegryte og tyttebærsuppe. I går plukka eg dessutan nokre kilo blåskjel, og ut over våren blir det nok etter kvart mykje fisk, fortel han.

Trass i det monotone livet så tett innpå den barske naturen har 33-åringen halde seg frisk.

– Ingenting. Eg har ikkje vore forkjølt eingong, seier han. – Eg trur i så måte at det er langt verre å leve slik som moderne menneske gjer, nemleg stadig å veksle mellom tørt, oppvarma innemiljø og ekstrem kulde og fukt.

– Korleis går det med deg mentalt?

– Faktisk veldig bra. Overraskande. Det er ein opptur å ha kome så langt. Eg har fått prøvd meg, har fått kjenne på kva dette handlar om. Kulde, væte, mørke. Lange einsame kveldar. Eg kjenner at eg meistrar det, seier Clausen. – No er det berre lyspunkt framover. Eg les mykje.

Som ein stinkande sotnisse

Ifølgje Clausen er leiren hans nett no rundt seks kilometer frå næraste faste busetnad.

– Dei veit at eg er her. I strengaste kuldeperiodane har eg fått sms derfrå, med spørsmål om alt er ok. Det varmar, seier eventyraren.

– Korleis ser du ut?

– Oi. Ikkje bra i heile tatt. Som ein sotnisse. I mitt siviliserte liv barberte eg skallen. No er det lite eller ingenting på toppen, og lange, feite hårtjafsar rundt kransen. Skjegget har vakse vilt, og eg er rimeleg svart av sot i fjes og på hendene. Sikkert eit skremmande syn.

– Og lukta?

– Ikkje bra i heile tatt, må eg vedgå. Den personlege hygienen held ikkje moderne standard. Desse kleda, inkludert undertøy og sokkar, har eg brukt i halvannan månad no. Men det er no berre eg og bikkja som skal leve med det, så vi plagar ingen. Eg er ingen isbadar, så eg gler meg til at det blir varmt nok til å bade.

Og det skjer i god tid før det heile er over 1. august: Eitt år ute i naturen.

– Eg er oppløfta over å ha kome så langt. No veit eg at dette kan eg klare.

– Lukke til vidare.

– Takk for det.