Dette er det noko uklåre biletet som framkjem berre få dagar før kontraktane for bygging av Hardangerbrua skal underteiknast. Seremonien er sett til tysdag 27. januar klokka 12 på anleggskontoret i Vallavik.

Men etter det BT har grunn til å tru, har Højgaard hatt kontakt med Statens vegvesen med sikte på å få endra tilbodet sitt eller rett og slett og koma unna heile saka. Opplysningar som ikkje er stadfeste går ut på at vegvesenet har truga med søksmål mot Højgaard dersom dei trekkjer seg. Kravet frå Statens vegvesen vil då vera ei erstatning på rundt 370 millionar kroner. Summen er lik skilnaden mellom Højgaard sitt svært låge tilbod på bruspenn og berekablar, altså 761 millionar kroner, og tilbodet til det nest lågaste, altså American Bridge med 1,13 milliardar kroner.

Statsråden må rydda opp

På Stortinget sit Arne Sortevik og er forskrekka over korleis Statens vegvesen har rota dette til.

— No det på høg tid at samferdsleministeren grip inn og ryddar opp, seier Sortevik.

Stortingsrepresentanten frå Frp, som sit i Transportkomiteen, har lese klaga som selskapet American Bridge via advokatfirmaet Vogt & Wiig AS har sendt til Statens vegvesen region vest.

American Bridge hadde det nest lågaste tilbodet på bruspennet og berekablane til Hardangerbrua. Men skilnaden mellom Højgaard og American Bridge var på heile 376 millionar kroner (761 mill. mot 1,13 milliard).

- Dette eg var redd for

I klaga til Statens vegvesen hevdar American Bridge at den store skilnaden nedover er grunn god nok til å avvisa Højgaard sitt tilbod. I tillegg peikar American Bridge på ei rekkje andre punkt i konkurransegrunnlaget der Højgaard ikkje skal ha oppfylt krava som var stilt frå Statens vegvesen.

American Bridge trugar med søksmål dersom Statens vegvesen likevel gjev kontrakten til Højgaard.

  • Det var dette eg var redd for då eg såg tilbodet frå Højgaard i november. Difor spurde eg samferdsleministeren om ho ville sikra at tilbodet frå Højgaard var reelt og ikkje ville føra til kostnadssprekk. 16. januar tok eg opp att dette i spørsmål til statsråden. Då hadde Højgaard fått oppdraget, og eg spurde om alt var gjort for å sjekka mot reknefeil og andre ting som kunne ha innverknad på vurderinga av tilbodet frå Højgaard.

Forklaringsproblem

Sortevik finn at klaga som no er framsett verkar solid og grundig. For kort klagefrist. Det framgår at Højgaard er i ferd med å trekkja seg frå tilbodet. Højgaard har prøvd å forhandla om tilbodet sitt.

Slik Sortevik ser det, står Statens vegvesen her overfor eit alvorleg forklaringsproblem.

  • Skulle det visa seg å vera hald i klagene som er framsett, kan vi med god grunn spørja kva vegvesenet har brukt tida til frå tilbodet vart opna midt i november fram til førre veka, då Højgaard vart tildelt det aller største oppdraget på Hardangerbrua.

Kva meiner du om Hardangerbrua? Diskuter under!