— Eg følte meg rett og slett pressa: «Anten skriv du under eller så blir blokka utsett på ubestemt tid». Og det er trass alt ei bustadblokk til rundt 60 millionar, seier hovudeigar i Brattholmen Eiendom AS, Jan-Petter Gjerstad.

Det han pratar om er ein telefonsamtale han hadde med Einar Lunde, som er den øvste fagleg ansvarlege for plansaker i Fjell kommune, nest etter plan og utbyggingssjef Willy Sørensen.

Samtalen fann stad 11. desember i fjor. Tema var reguleringsplanen for ei bustadblokk som Brattholmen Eiendom vil byggje på Valen i Fjell.

- Vi kan avslå heile planen

Bakgrunnen for samtalen var at Gjerstad hadde fått melding frå sin byggtekniske rådgjevar om at administrasjonen ikkje ville rekke fristen på 12. veker for å fremje reguleringssaka for politikarane. Gjerstad hadde dermed krav på å få redusert byggesaksgebyret.

Desse gebyra betalar mesteparten av løna til bygge- og plansaksbyråkratane i kommunane. I Fjell dekkjer dei 80 prosent av utgiftene i desse avdelingane.

Lunde ville at Gjerstad skulle skrive under på at han ikkje kravde gebyret redusert. Slik Gjerstad og hans rådgjevar oppfatta det, ville alternativet vere at administrasjonen avslo heile utbyggingsplanen.

Gjerstad vart forbanna. Utstyrt med ein lydopptakar ringde han difor Lunde. I samtalen, som BT har fått tilgang til, legg ikkje Lunde skjul på konsekvensane viss Gjerstad ikkje skriv under.

«Vi kan behandle det delegert og avslå heile planen», seier Lunde mellom anna.

Skriv Gjerstad under, ser det derimot lysare ut for reguleringsplanen:

«Viss ikkje det er noko heilt ekstraordinært, så ser det ut som at vi kjem til å tilrå med nokre små endringar som er bagatellmessige, slik eg har forstått på saksbehandlar», seier Lunde.

Gjerstad spør seinare igjen om utfallet vil vere negativt viss han ikkje skriv under. Svaret frå Lunde er oppsiktsvekkjande:

«Ja, då kjem vi til å hekte oss opp i dei detaljane som står att».

— Det var enkelt og greitt berre å skrive under. For vi har lagt i framdriftsplanen at vi skal byrje grunnarbeidet rett før eller i ferien. Og viss eg ikkje skreiv under vart blokka utsett på ubestemt tid, seier Gjerstad.

- Ikkje meint som trugsel

Einar Lunde seier samtalen med Gjerstad ikkje skulle oppfattast slik at Gjerstad ville få ja til planen viss han skreiv under, og nei viss han ikkje skreiv under.

— Nei det var ikkje knytt opp til det. Det var knytt opp til saksbehandlingstidspunktet, seier han.

Lunde seie lovverket gjev høve til å gjere slike avtalar som han her gjorde med Gjerstad.

— Er denne typen avtalar ein vanleg måte å gå fram på i Fjell kommune?

— Ja, det er i alle fall ikkje nokon uvanleg måte. Men det er sjeldan vi ikkje klarar å halde tidsfristane våre, seier Lunde.

Lunde gjentek vidare det han seier i telefonsamtalen: Alternativa i denne saka var anten at Gjerstad skreiv under og fekk ei politisk behandling, eller at administrasjonen gjorde eit vedtak på fullmakt innanfor 12-vekersfristen. Eit såkalla delegert vedtak. Det siste ville ha betydd eit avslag.

— Eit tredje alternativ var vel å fremje saka på eit seinare komitemøte, og akseptere eit gebyrkutt?

— Sjølvsagt kunne vi fremja saka på eit seinare komitemøte, og så betalt tilbake gebyr til han.

— Kvifor var ikkje det eit alternativ då du diskuterte det med Gjerstad?

— Som eg sa, så ønskjer vi helst ikkje å betale tilbake gebyr. Vi gjer jo trass alt jobben. Sjølvsagt hadde det vore eit alternativ, men som sagt er det eit alternativ som vi i det lengste prøver å unngå, seier Lunde.

Lunde seier det ikkje var meininga å presse Gjerstad, men å gje han den mest fordelaktige behandlinga.

— Sjølvsagt ser eg at han kan ha oppfatta det som ein slags trussel frå vår side, men det var meint som eit tilbod.

Fekk nei, trass avtalen

For Gjerstad er byggesaksgebyret på 56.000 kroner småpengar, i høve til det han risikerer å tape på eit utsett prosjekt. Difor skreiv han under på at han ikkje krev avslag i byggesaksgebyret, slik Lunde ville.

Men då sakspapira kom til kveldens møte i Komite for plan og utvikling, fekk Gjerstad seg nok ei overrasking: Administrasjonen tilrådd ikkje saka, slik han trudde avtalen med Linde var.

I staden peikar dei på ein rekkje feil og manglar, og ber komiteen gje administrasjonen fullmakt til å gje endeleg godkjenning sjølv. Når feila er retta opp.