I går stod stod forslaga om å rasjonalisera akuttberedskapen og nedlegging av sjukehusa i Odda, Lærdal og Florø på dagsordenen i Hordaland Fylkesting. Neste onsdag stiller Audun Lysbakken spørsmål om saka til helseminister Dagfinn Høybråten.

Slag mot innbyggjarane

— Dette er eit alvorleg slag mot innbyggjarane i store delar av distrikta på Vestlandet. Dersom sjukehuset i Odda vert nedlagt, svekkjer det tryggleiken til eit område med fleire store industriarbeidsplassar. Mistar eit distrikt sjukehuset sitt, fører det også til at mange arbeidsplassar går tapt, seier Lysbakken.

I fylkestinget i Sogn og Fjordane hevda tidlegare fylkesordførar frå Ap, Knut O. Aarethun, at det er i ferd med å breie seg ein djup skepsis til heile reforma langt inn mellom stortingspolitikarane.

— Eg veit at i mitt eige parti, sågar mellom sentrale politikarar som var ivrige tilhengarar av reforma, blir det no stilt spørsmål om det var oppbygging av administrasjon, tredobla løner og hemmeleghald dette skulle ende med?

Aarethun, som no er gruppeleiar for Ap i fylkestinget, etterlyste også ei evaluering av reforma.

I Hordaland fylkesting var det Magnar Lussand frå Senterpartiet som først tok opp saka:

— Desse forslaga er med på å gjera livet meir utrygt for dei som lever i distrikta. Det er skuffande at det skjer i ei regjering der Kristeleg Folkeparti har ansvaret for helsepolitikken, seier Lussand til BT.

Attende i tida

— Eit steg 20 år attende i tida, seier Hans Otto Robberstad.

Fylkespolitikaren som var Arbeidarpartiets fremste helsepolitiske talsmann i fylkespolitikken i Hordaland har aldri lagt skjul på at han er motstandar av sjukehusreforma.

— Å gjera sjukehuset i Odda om til ein sjukeheim og å leggja ned akutten og fødeavdelingane på Voss og Stord, er svært dramatisk. Det hadde aldri skjedd om sjukesektoren hadde vorte styrt av ei demokratisk forsamling, meiner Robberstad.

Han peikar også på at det gong på gong er dokumentert at dei statlege sjukehusmidlane er skeivt fordelt mellom landsdelane.

— Vestlendingane har i årevis hatt rettmessig krav på ein milliard kroner meir enn det staten overfører no. Hadde vi fått desse midlane til Vestlandet, hadde ikkje leiinga i Helse-Vest behov å leggja fram slike dramatiske forslag, påpeikar han.

Lukka rom

I førre veka gjekk Stortinget imot å påleggja helseforetaka å opna styremøta sine.

— Det er eg svært skuffa over, seier Robberstad.

— No vert alle avgjerder teke i lukka rom. Helseministeren aleine har det politiske ansvaret, medan stortingspolitikarane berre kan skriva det frå seg. Eg ventar att dei vaknar og protesterer no.

Men Robberstad si partifelle på Stortinget, Ranveig Frøiland, seier til BT at ho veit for lite om forslaget til at ho vil koma med konkret kritikk. Men også ho er skuffa over at ikkje fleirtalet i Stortinget gjekk inn for opne møte.

— Leinga i foretaka må vera mykje meir opne og fortelja kva omleggingane tyder for pasientane. No vert avgjerdene kjent etter dei er vedtekne. Det skaper berre frykt, seier Frøiland.