TERJE ULVEDAL

Nye krav til tryggleik på norske flyplassar er årsaka til den omfattande utbygginga. Lufthamnene skal ha sikkerheitsområde både på sidene og i kvar ende av rullebana. I Sogndal skal sjølve rullebana også utvidast. I tillegg skal alle lyssystem på flyplassen skiftast ut og oppgraderast.

Sogndal Lufthamn skal dessutan få nytt elektronisk innflygingssystem. Tidlegare har Haukåsen hatt elektronisk innflyging berre mot aust. Dette skal no oppgraderast, og eit tilsvarande system skal også byggjast ut mot vest. Det er økonomisk bidrag frå Sogn regionråd og Sogn og Fjordane fylkeskommune som gjer det råd å gjennomføre desse tiltaka. Avinor meiner dei elektroniske innflygingssystema vil fjerne problema flyplassen i Sogndal har hatt med regulariteten på vinterstid.

Utbyggingsplanane skal presenterast på ein pressekonferanse i Sogndal førstkommande fredag. Det vil ta kring eitt år før utbygginga er ferdig.