— Det kan bli eit problem å bruke desse vestane på båtar som går i utanriksfart dersom godkjenninga ryk, innrømmer avdelingsdirektør Sigurd Gude i Sjøfartsdirektoratet. Årsaka er at hamnestatane kan stille krav om internasjonalt godkjent utstyr.

Color Line var mellom dei første store reiarlaga som bytta ut alle sine gamle vestar med dei nye Regattavestane, som no ligg tynt an.

Fjordline i Bergen er eitt av få selskap som uansett har sitt på det tørre: Dei har satsa på ei eiga isolerande passasjerdrakt som blir kombinert med ein vanleg flytevest. Denne løysinga er godkjent av alle styresmakter.