ARNE HOFSETH

Seltatunnelen og Borgundstunnelen på E16 har fjerna mange vanskelege punkt for bilistane. No er det berre å legga inn femtegiret og cruisa på nylagt asfalt. Blar Stortinget opp med pengar, blir det enda ein tunnel oppe ved Steinklepp, og strak veg like til Borlaugkrysset. — No har vi det så stilt og fredeleg. Duren av vogntoga er borte, seier Ane Johanne Li ved Borgund Stavkyrkje til Bergens Tidende. Ho er ikkje redd for at folk ikkje skal finna fram. Avkøyrsla frå nyvegen er godt skilta. - Men vegfarande som var uvitande om kyrkja, og sa «oi» når dei såg henne, får vi ikkje lenger innom, seier Li, utan å vera direkte lei seg. Stavkyrkja har hatt så mange besøk at slitasjen har meldt seg.

Langs gamlevegen

For dei som vil oppleva attraksjonane i dalen, vil det framleis vera høve til å køyra 12 kilometer gammelveg, no fylkesveg, og skilta med «Historisk rute» og attraksjonssymbol. Her er attraksjonar du ikkje må gå glipp av:

Koret

Gamle ferdslevegar over Seltåsen (åsen ovanfor Seltun) tek av like forbi vestenden av Seltatunnelen (1,6 km) som vart opna i fjor. Den yngste er frå 1840-talet og har ein 15 meter høg støttemur der vegen kryssar fjellkløfta Gravdalen. Vegen langs elva, som var i bruk fram til i fjor, er frå 1873, då hylle kunne sprengast i fjellet med dynamitt.

Galdane

Nedlagt, men restaurert husmannsplass frå 1600-talet, i fjellsida på andre sida av elva. Kongevegen frå 1793 gjekk også på den sida av elva. Det hende at vegen raste ut, og både mann og hest fylgde med mot det ville elvestryket.

Steine bru

Restane etter den mektige Steine-brua, som vart teken av storflaumen i 1860, er framleis synlege.

Sjurhaugfoss

Laksetrappa er for tida stengt for å hindra spreiing av parasitten Gyrodactilus salaris. Laksetrapper også forbi fossane Husum, Kålgryte og Svartegjel, dels i tunnel.

Kongevegen

Den Bergenske Hovedvei, er oftast omtala som «Kongevegen» fordi Staten tok ansvar for å få han bygt, til liks med tre andre hovudvegar i landet. Vegen vart ferdig i 1793 i ein spydlengdes breidde. Han er synleg gjennom heile dalen, men kanskje mest iaugefallande over vestre munningen på Borgundstunnelen (3 km) som vart opna på E16 i år.

Bru

Bru over elva like aust for tunnelmunningen er frå 1863

Husum Hotell

Det kvitmåla hotellet har over 100 års tradisjon, og er tildelt utmerking for å ha teke vare på kulturarven.

Kålgryta

Ein underleg foss der vatnet har laga hol i ei steinhelle i berget.

Vindhellavegen

Opphavleg ein del av Kongevegen (1793). Men stigning på 1:4 vart for bratt for hest og vogn, og difor ombygd i 1840-åra. Om kaptein H. C. Finne frå Voss, som leia arbeidet vart det sagt at «han murede for svært og minerede for lidet». Mange reknar tørrmurane som eit høgdepunkt i norsk vegbyggingskunst.

Sverrestien

Sti, opptrakka av folk og fe, som i mellomalderen vart opparbeidd som rideveg. Det vert sagt at Sverre Sigurdson skal ha kome her med Birkebeinarane i 1177, tre år før tømmeret i stavkyrkja vart hogge, og sju år før han vart konge. Tidlegare skal andre kongar ha ferdast her; Harald Hårfagre (800-talet), Olav den Heilage (1023) og Øystein Haraldson (1157).

Borgund kyrkje

Den nye kyrkja på Borgund er bygd 1868, og ligg like ved den gamle stavkyrkja. Arkitekt C. B. Christie.

Klokketårn

Bygt inntil Borgund stavkyrkje rundt 1250.

Borgund stavkyrkje

Bygt rundt 1180, vigsla til apostelen Andreas. Ei av dei mest kjende stavkyrkjene i Noreg. Ope dagleg 08.00-20.00. Frå 13. august og ut september 10.00-17.00. Inngangspengar 50 kroner, med fem kroner i avslag for grupper.

FREDELEGARE: Utan stamvegtrafikk er det blitt stillare ved Borgund Stavkyrkje (til venstre). Mellom klokketårnet frå 1250, no under restaurering, og den nye kyrkja (1868) er grunnarbeidet i gang på andre sida av vegen. Der skal eit nytt besøkssenter stå ferdig til neste år.
I SVERRE SINE FOTSPOR: Sverrestien er veleigna for familieutflukt til fots.<br/>Foto: ARNE HOFSETH
STASBRU: Biletet lyg. Bilen med campingvogn køyrer ikkje over den gamle steinbrua over Lærdalselvi, men ei nyare bru attmed, slik stålbjelken under steinbrua røper. No vil dei fleste ta Borgundstunnelen i staden.