— Det er heilt håplaust. Eg kjenner meg ikkje trygg utan telefon, seier 88-åringen til Sogn Avis.

Sonen Otto har kome ut av teljinga på kor mange gonger dei har vore i kontakt med feilmeldinga og klaga.

— Telemontøren har kome to-tre gonger. Når han koplar inn att telefonen, held han eit par-tre dagar, fortel sonen.

Telenor har sagt til Myklemyr at feilen ligg hos henne. Men montøren seier grunnen til at summetonen er vekke, ligg hos Telenor sentralt.

Då Sogn Avis kontaktar kommunikasjonssjef Per Arild Mellingen i Telenor, kan han ikkje finne Myklemyr mellom Telenors abonnentar.

— Difor kan eg heller ikkje seie kvifor det ikkje har blitt rydda opp her, seier Mellingen.