Men ikkje no lenger. Dei to tilsette i kommunens uteseksjon har gjort rutinearbeidet både meir behageleg og meir effektivt. Slike framsteg treng ikkje allytid koste ein fattig småkommune dyrt.

— Det starta for tre år sidan, da eg fann den gamle stresslessen blant restavfallet. Eg tenkte at den må vel kunne komme til nytte, fortel oppfinnar Odd Tore Seljeset.

Inntil da brukte dei lastebil, der ein måtte gå bak og kaste brøytestikkene opp på lasteplanet.

No tronar brøytestikkeplukkaren som ein småkonge på stolen framme i traktorskuffa, der han kan svinge rundt og nappe opp stikkene som ingen ting. Stolen er forsvarleg gjort fast i traktorskuffa.

— Det er både raskare, meir praktisk og behageleg å gjere det på denne måten. Så da var valet enkelt.

Stressless-innsamlinga av brøytestikkene langs dei kommunale vegane i Hornindal tar no berre to og ein halv arbeidsdag. Aller helst med godver.

INNSAMLING UTAN STRESS: Ein gammal, velbrukt stressless-stol har revolusjonert arbeidet med å samle inn kommunale brøytestikker i Hornindal i Nordfjord.
JAN M. LILLEBØ