Mannen forsvant etter at han krasja bilen sin i Vetlefjorden tysdag ettermiddag. Men det var først i går at han blei meld sakna, då han ikkje møtte på arbeid.

Ifølgje Firda skal mannen ha sagt til folk som kom forbi like etter krasjet at han var i fin form. Han ville gå heim over Gaularfjellet. I går vart det leita med ettesøkshundar og helikopter. Leiteaksjonen vart tatt opp att klokka ni i dag.