— Eg kjenner meg ganske hjelpelaus, seier eggprodusent Torbjørn Nessen.

Dei 7500 hønene hans legg egg som vanleg. Men sjølv får han ikkje sendt ut ein einaste faktura, eller vite om han har fått oppgjer på tidlegare utsende rekningar.

— Alt går på nett i våre dagar, seier han.

- Ein større feil

Informasjonssjef Morten Ågnes trur flesteparten kan få att internettsambandet i morgon. Men for åtte kundar vil det drøye til over jul.

— Radiosambandet som fører signala inn til området ligg nede. Dette meiner vi skal vere oppe att i morgon. Men når det gjeld dei som er knytte til basestasjonen Strandavågen er det snakk om ein større feil. Der vi må få utstyr andre stader frå, og dette greier vi neppe før jul, seier Nextgentel-sjefen.

- Litt ekstremt

Det var sist onsdag at eit veldig torevêr gjekk over området. Ifølgje Ågnes slo lynet ned i boksen som fører radiosignala ut til øykommunen. Han brann rett og slett opp. Internettkundar i andre selskap har derimot hatt samband.

- Kvifor er det berre Nextgentel som er ute?

- Det kan eg ikkje svare på.

To oppdrettsbedrifter, andre små verksemder og titals privatpersonar har vore utan nett.

Bergens Tidende har dei siste dagane blitt kontakta av fleire personar i Solund som er kritiske til informasjonen dei har fått frå internettleverandøren. Fleire fortel at kundesenteret har fortalt at dei vil få sambandet tilbake seinare same dag eller kveld, utan at dette har skjedd.

— Eg forstår at lynet kan slå ut sambandet, men dei må kunne gje oss truverdig informasjon, seier Torbjørn Nessen.

Informasjonssjef Ågnes beklagar det som har skjedd:

— Men vi gjer det vi kan. Feilen skjedde også i eit område og ein periode der vêret har vore litt ekstremt.