Terje Ulvedal

Det er nesten som det er ein snev av gråsoneforhandlingar over striden mellom kommunane i Ytre Sogn og Nordhordland som har versert i byråkratiet sidan midt på 90-talet. For striden om hevdvunne rettar eller midtlinja skal brukast som prinsipp for å leggje kommunegrensene til territorialgrensa 12 nautiske mil vest i havet.

Men ikkje minst står det om store inntekter. For kommunane får eigedomsskatt frå oljeselskapa for undersjøiske gass— og oljerelaterte installasjonar. Og inntektene til den enkelte kommune er avhengig av storleiken på installasjonane innanfor sine grenser.

Av havet begrenses hæredet

Statens kartverk har basert sitt åtte år gamle framlegg på gamle hevdvunne grensemerke. Mellom desse er ei 120 år gammal skildring av kommunen Gulen. I ein uttale frå denne omtalen heiter det: «Av havet begrenses Hæredet paa en strekning av ca. 5 km». Dermed har Kartverket innrømt Gulen grense ut i havet.

Men dersom midtlinjeprinsippet skulle vore lagt til grunn, ville kommunen ikkje fått grense til havs. I praksis ville øykommunane Solund og Fedje fått felles grense som også hadde blitt fylkesgrense mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

I dag hentar Gulen kommune inn over 1,2 millionar kroner kvart år i eigedomsskatt frå Statoil. Dersom midtlinjeprinsippet blir lagt til grunn, vil det bli langt mindre. Pengane Gulen taper vil i staden rulle inn i kommunekassane til naboane Fedje og Solund.

— Dette er ei svært viktig sak for oss. Vi meiner det er rett å gå tilbake til gamle kjelder, dei som alle så langt har halde seg til, når grensene skal trekkjast, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Protestar nord og sør

Men medan gulingane syns Kartverket har gjort jobben sin, meiner naboane i nord og sør det motsette. Verken Fedje eller Solund aksepterer grenseframlegget, og krev begge at midtlinja blir brukt. Får dei gjennomslag for dette synet, vil konsekvensen vere at dei to kommunane får hand om langt større sjøareal enn dei har i dag, på bekostning av Gulen. Og at eigedomsskatt frå Statoil og andre operatørar på norsk sokkel vil gå inn i deira kommunekassar.

— Vi støttar framlegget frå Statens Kartverk. Det vil bli heilt gale dersom dei andre kommunane vil avskjere kystkommunen Gulen sin direkte tilgang til territorialgrensa, seier Brosvik, før ho legg til:

— Eg trur at alle partar kjem til å stå på det som løner seg best for kvar enkelt i denne saka. Grensespørsmålet må til slutt avgjerast sentralt.

- Sterkt beklageleg

I tillegg til Fedje, Gulen og Solund er også Austrheim, Lindås og Masfjorden kommunar innblanda i grensestriden. Og sidan dette også vil få konsekvensar for fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, vil det til slutt bli Kommunal- og regionaldepartementet som må ta avgjerda.

Og Kartverket er utan tvil leie av å vente på ei avgjerd. Dei har nemleg fleire gonger dei siste åra blitt purra på av Statoil og advokatfirma som lurer på kvar saka står.

— Det er sterkt beklageleg at vi framleis ikkje er i stand til å gje eit tilfredsstillande svar. Ettersom handsaminga av grensene i desse dager har halde på i åtte år, er det på høg tid å komme fram til ein konklusjon. Ikkje minst sett i lys av at nettopp desse grensene er avgjerande i blant anna fordelinga av skatteinntekter relatert til oljeverksemda, skriv forvaltningsansvarleg Trond Eilev Espelund i Statens kartverk i eit brev til departementet.