Sogn og Fjordane legeforeining meiner dette er oppsiktsvekkjande og hevdar at Bolstad og Helse Førde no vert utsette for ein hetsekampanje.

– Ein kan spørje seg om det er andre motiv som ligg bak når journalisten skriv så einsidig negativt om Helse Førde, sier talsmann Rune Larsen til NRK Sogn og Fjordane.

Dagbladet-journalist Ragnhild Avdem Fretland er frå Lærdal og har den siste veka skrive fleire kritiske saker om leiinga i Helse Førde.

Mora heiter Anna Avdem, er no varaordfører og har fleire gonger aksjonert mot prioriteringane som styret i helseføretaket har gjort. Ifølge Sogn regionsråd er ho også nominert til ein plass i det nye styret som skal veljast i mai.

Dagbladet-redaktør Thor Gjermund Eriksen seier til NRK Sogn og Fjordane at han ikkje forstår kritikken frå legeforeininga.

– Eg trur dei fleste vil skjøne at ein journalist som jobbar for Dagbladet gjer det utfrå ein journalistisk integritet og profesjonalitet, seier han.