Den offensive satsinga skjer trass i at stadig meir av varetransporten er flytta frå sjø til land. Blant anna er det lenge sidan HSD slutta med godsbåtar. Ruteselskapets godsterminal for trailerar ligg godt inne på land på Heiane.

Det er offshoreverksemdene som i første rekkje representerer den sjøverts godstrafikken på Stord.

Ja, vi er veldig avhengige av verftet. Det er å håpa at aktiviteten der blir stor også i framtida, seier hamnesjef i Stord kommune, Bjarne Berge.

Denne veka er kai nummer to i Eldøyane hamn offisielt opna. 52 meter lang, men kan ta imot tre gonger så lange skip, — opptil 40.000-tonnarar. Kaien representerer også eit tre mål stort godsareal.

Frå før har Stord hamnestell i bruk ein 75 meter lang kai med rampe og åtte mål bakareal.

Utbygginga på Eldøyane starta i 2000 med Stord kommune sitt kjøp av eit 15,3 mål areal og 400 meter sjøline av Eldøyane Industripark ut mot Bømlafjorden.

Stord hamn handterte i fjor 250.000 tonn gods på Eldøyane, i Grunnavågen ved Sagvåg og i Leirvik hamn, der det framleis blir landa grus og asfalt. Omsetnaden er på sju - åtte millionar kroner årleg.

Av rundt 60 norske hamner med eigen administrasjon, ligg Stord på 20. plass. Stordbase AS er Stord hamnestell sin agent i Eldøyane hamn, der blant andre Englandsbåten har gjort stopp for ilandsetjing av spesialkøyretøy til Aker Stord. Hordaland fylke har investert over ti millionar kroner på ny veg ut til hamneområdet.

GOD PLASS: Stords godshamn er flytta ut av Leirvik og har fått romslege forhold på Eldøyane.<br/>Foto:OVE ARNE OLDERKJÆR