I Hordaland og Sogn og Fjordane aksjonerte politiet mot 28 adresser på denne første dagen av den fellesnordiske barnepornoaksjonen "Operasjon Enea".

— Mannen vi pågreip i Florø er heilt reinvaska, seier ansvarleg for aksjonen i Sogn og Fjordane, politiadvokat Knut Broberg.

Leigebuar var rett mann

Broberg seier det er beklageleg at slikt skjer, men at dette likevel ikkje kan karakteriserast som nokon tabbe frå politiets side.

— Det var heilt naturleg å pågripe mannen slik omstenda var. Men det viste seg å vere feil mann, og dette tok litt tid å finne ut. Ein annan person er no sikta i staden for 38-åringen, opplyser Broberg.

Baskgrunnen er at mannen leiger ut husvære til fleire andre personar, og at desse har hatt tilgang til breibandlinja inn til huset hans.

— Dei har hatt avtale om å kunne bruke sine pc'ar på hans breibandtilknyting. Denne mogelegheita har ein leigebuar av mannen utnytta til å laste ned barneporno. Han er no sikta for dette forholdet, seier Broberg.

Svakare krav til bevis

Politiet har granska den 36-årige familiefarens pc, og ikkje funne noko som helst som minner om barneporno. Etterforskinga mot han er avslutta.

— Pc'en hans er heilt rein. Eg sender no saka over til statsadvokaten med tilråding om at den vert lagt bort som "intet straffbart forhold", seier politiadvokaten.

— Sterkare grunnlag for å legge bort ei straffesak eksisterer ikkje. Dette er det same som ei reinvasking.

Broberg meiner likevel at politiet ikkje kunne handla annleis, utfrå dei opplysningane dei hadde før aksjonen. Men at saka viser kor viktig det er å ikkje forhåndsdømme folk som blir gjenstand for ei politietterforsking.

— I eit så tidlg stadium krevst ikkje så sterke beviskrav til for å gå til aksjon med pågriping og ransaking. Dette må folk vere klar over. Ei etterforsking kan like gjerne avkrefte som bekrefte ein mistanke, understrekar politijuristen.