Kommunestyret har bede om ei utgreiing, og nå føreligg det ei positiv innstilling frå rådmannen, melder Kystradioen.

Utkilen ønskjer ein prinsipiell debatt om det skal gjevast eit tilbod der det offentlege også tar hand om dei minste barna utanom ordinær arbeidstid.

Dersom forslaget blir vedtatt, vil Fjell kommune vera den første kommunen her i fylket som vil gi tilbod om 24 timars opningstid i barnehage.

Fastprisen er føreslått til 3000 kroner med tillegg for bruk om kvelden, natta og i helgane.

Medan Jan Utkilen er usikker på barnehage 24 timar i døgeret, er leiar av komite for drift, Kirsten Kjølen (KrF), positiv. Ho meiner likevel at det må vera avgrensingar i kor mykje tid det einskilde barnet får vera i barnehagen på kvelds— og nattid.