I Bergens Tidende måndag 24. mars seier John Bauge i BT at bompengeinnkrevinga på Nordhordlandsbrua bør halda fram etter at sjølve brua et ferdig betalt 1.halvår 2006.

Bauge meiner framhaldet i innkrevinga på brua må gå til bygging av Nyborgtunnelen i Åsane og til andre vegprosjekt kalla Nordhordlandspakken, men at bomstasjonen skal flyttast framfor tunnelen så snart tunnelen vert opna for trafikk. Ein føresetnad er at Nordhordlandspakken er politisk godkjent.

— Frå då av skal alle køyra gratis over Nordhordlandsbrua, og dei som ikkje vil betala bompengar for å køyra tunnelen, kan velja å køyra gamlevegen gjennom Åsane, seier John Bauge til BT.

Aldri

— Dette er i strid med den offisielle haldninga i Høgre, seier nestleiar i Hordaland Høgre, Nils Marton Ådland, til BT.

— For Høgre kjem det aldri på tale å gå med på bompengar over Nordhordlandsbrua etter at brua er nedbetalt i 2006. Ikkje så mykje som ein einaste dag. Den oppfatninga som John Bauge kjem fram med i BT, får stå for hans eiga rekning, seier Ådland.

— Men har ikkje John Bauge eit poeng når han hevdar at det må skaffast bompengeinntekter også før tunnelen er ferdig?

ý Det kan vera, men diskusjonen om meir bompengar på Nordhordlandsbrua gjorde vi oss ferdig med for to år sidan. Då var det rett nok delte meiningar mellom partilaga i Nordhordland, men fleirtalsoppfatninga som vann fram gjekk ut på at det skulle vera slutt med bompengar ein gong for alle når brua var betalt.

— Eg meiner framleis at Høgre burde vera litt mindre prinsipielle i denne saka for å få fart i ei sak vi alle er samde om, seier John Bauge.

Forskottering eller lån

ý Korleis meiner Høgre då det kan skaffast pengar til å byggja Nyborgtunnelen, som er kostnadsrekna til 1 milliard kroner?

— Det må skje med forskottering eller lån, som så vert betalt attende med bompengar når tunnelen vert opna. Det mest ideelle hadde vore å starta ny bompen-geinnkreving ved tunnelen dagen etter at bompengane vert borte frå Nordhordlandsbrua, men det spørst om det er realistisk å få ting på plass så fort. Men kanskje det eine tunnelrøyret?

— Men dei som vil kan velja å køyra andre vegar enn gjennom tunnelen, og sleppa unna bompengar. Gjer ikkje det heile bompengeprosjektet litt usikkert?

— Vi må sjølvsagt tilpassa taksten, slik at han ikkje vert så høg at det løner seg å køyra gamlevegen gjennom Åsane, seier Øyvind Stusdal.

USEMJE OM BOMPENGAR: Nordhordlandsbrua.
FOTO: ARKIV