ARNE HOFSETH

Barneverntenesta i Voss kommune hadde 22 saker i fjor som dei ikkje greidde å undersøkja innan seks månader, melder Hordaland.

Bakgrunnen er få tilsette, og eit aukande tal barnevernssaker — dels fordi folk er blitt flinkare til å melda frå.

— Mannskapsmangel er inga god orsaking. Manglar det folk til å få sakene unna, må kommunen tilsetja fleire, seier Eirik Lyssand hjå Fylkesmannen i Hordaland til Bergens Tidende.

— Er det hjelp i å gje bot?

— Det hjelpte godt i Fyllingsdalen for ein del år sidan. Då førte ei bot på 100.000 kroner ganske kjapt til endra rutinar i Bergen kommune, fortel Lyssand.

Men han understrekar at Fylkesmannen i det lengste prøver med det gode. Når kommunane viser samarbeidsvilje, blir det ofte med trugsmålet. Og Fylkesmannen kan vera ein tolmodig gubbe. Han veit at det tek tid frå tiltak vert sett inn til det gir merkbare resultat i rapportar og statistikkar. Kvinnherad og Askøy har hatt problem lenge, men no er Askøy i ferd med å bli «friskmeldt». Problema på Voss har ikkje vart lenge, seier Lyssand.

For Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok tolmodet med Flora kommune slutt 1. november i fjor. Då utferda han bot på 50.000 kroner for brot på tidsfristen i 14 saker i 2003 og seks saker i første halvår i 2004. Fylkesmannen la vekt på at problema hadde vart lenge. I perioden 2000-2003 var fristen broten i 54 saker. Talet passerte med andre ord 60 midt i fjoråret.

Fylkesrapporten fortel om 302 nye saker melde i fjor, det høgaste talet nokon gong i Sogn og Fjordane. Fylket har den nest lågaste barnevernsbemanninga i landet. 1,9 tilsett per 1000 barn og unge under 18 år.

Når ei ny melding kjem inn skal saka undersøkjast snarast, og seinast innan tre månader. I særlege tilfelle kan fristen lengast til seks månader.

— Kommunane definerer i stor grad sjølv omgrepet særlege tilfelle, men vi godtek ikkje kva som helst som orsaking. Mannskapsmangel er ikkje god nok grunn til å overskrida tremånadersregelen, seier Eirik Lyssand.

Når det i årsmeldinga for Hordaland står at 195 av 2065 saker ikkje var gjennomført innan lovpålagt frist, gjeld dette fristar på både tre og seks månader. Overskridingane av seksmånadersfristen gjeld 5,2 prosent av sakene i heile fylket.