• At Hardangerbrua vert nesten ein halv milliard dyrare, gjer det ikkje lettare å få ho bygd. No bør ikkje prisen stiga meir. Dette var veldig mykje, seier Ranveig Frøiland.

Frøiland, som sit på Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland, går for å vera ein av Hardangerbrua sine mest trufaste tilhengjarar. Ho fekk hakeslepp då BT i går opplyste henne om at prisen no er justert opp frå 1,3 til 1,75 milliardar kroner.

Kostnadsauken gjer og at brua treng 250-300 millionar kroner frå staten, mot 150 millionar i det kostnadsopplegget som no er gått ut på dato.

— Dette var veldig mykje. Det var lenge eit hovudargument for brua at ho var så billeg. Dei bør ikkje gjera for mykje ut av dyre løysingar heller, seier Ranveig Frøiland til Bergens Tidende.

— Hardangerbrua står utanfor Nasjonal Transportplan (NTP) før handsaminga i Stortinget. Har ho sjanse til å koma inn?

— Vi gjev ikkje opp. Brua må inn i NTP, og det reknar eg med at vi skal greia, seier Ranveig Frøiland.

Spørsmål om tid

— Leiaren i Stortingets samferdslekomité, Petter Løvik (H) i Møre og Romsdal, seier at han alltid har hatt tru på Hardangerbrua.

— Det er berre eit spørsmål om tid, for Hardangerbrua er eit svært godt prosjekt. Men eg torer ikkje i dag forskottera noko når det gjeld plass i Nasjonal Transportplan. Flaskehalsen er pengar, og det er mange gode vegprosjekt som skal setjast opp mot kvarandre.

Jorunn Ringstad (Sp) i Sogn og Fjordane, som også sit i samferdslekomiteen, seier til Bergens Tidende at ho vil leggja vekt på den prioriteringa for Nasjonal Transportplan som Vestlandsrådet skal koma med ut på vinteren.

Meir bompengar

Kostnadsauken på Hardangerbrua fører også med seg at dei sju kommunane i Hardangerbrua AS truleg må ut med meir pengar enn dei hadde tenkt. I går var det berre få av dei som hadde oversikt nok til kommentarar. Bergen kommune hadde 29 millionar kroner ståande på brukontoen, men tok pengane ut att tidlegare i haust for å dempa underskotet i kommunen.

— Når brua skal byggjast, får vi ta ein runde med finansbyråden og få ut dei pengane vi treng, seier Hans Edvard Seim (H), som er Bergen sin styrerepresentant i Hardangerbrua AS.

Seim minner om at finansieringsbøra kan lettast noko ved å kreve inn bompengar på brua i 20 år i staden for 15.

EU-krav

— Eg er ikkje det minste forundra over at prisen på brua har auka. Dei vil ha tunnelar på begge sider, og det er dei nye EU-krava til tryggleik som gjer tunnelane så dyre, seier ordførar i Voss, Bjørn Christensen.

— Sjå berre her hjå oss. EU-krava har gjort at Vossapakken (Skjervet og tunnel bak Vangen) aukar frå 650 til 850 millionar kroner. På same måten aukar prisen på nyvegen over Vikafjellet frå 650 til 850 millionar kroner, seier Christensen.